Heimelaga bringebærsyltetøy

Heimelaga bringebærsyltetøy er kanskje det enklaste syltetøyet du kan lage. Det blir tjukt nok utan at du tilset syltepulver, du treng berre bær og litt søting. Det heile er klart på 20 minutt, og det er grunnen til at eg ofte lagar berre eit glas i gongen. Det er like lett å ha frosne bær tilgjengeleg i frysaren, og så lage etterkvart som det blir tomt.
heimelaga bringebærsyltetøy

Heimelaga bringebærsyltetøy

Sukkermengda i heimelaga syltetøy blir ofte mykje mindre enn det butikk-kjøpte, og så smakar det så mykje meir bær. Nydeleg blir det! Når du les på baksida av eit glas i butikken står det ofte sukker først på innhaldsfortegnelsen, og så bær som nummer to. Det betyr jo at det er meir sukker enn bær.

verdens beste hjemmelagde bringebærsyltetøyI oppskrifta under ser du at det er berre 1/3 sukker samanlikna med bærmengda. Er bæra du brukar surare, eller du likar ekstra søtt syltetøy, har du altså mykje sukkermengde å gå på. Du kan i teorien ha lik mengde sukker og bær og framleis ha mindre sukker i di heimelaga sylte enn den konkurrerande butikkversjonen. Og så var det den nydelege bærsmaken då. Mmmm!

heimelaga bringebærsylte

 

Oppskrift på Heimelaga bringebærsyltetøy

1 glas syltetøy / 8-10 porsjon / Tid: 20 min

  • 300 g bringebær
  • ca 100 g sukker
  1. Ha bringebæra i ein kasserolle og kok opp medan du knuser bæra med ei sleiv.

  2. La bæra småkoke i 3-5 minutt.

  3. Ha i sukker og rør godt medan du gir det eit nytt oppkok. Fjern mesteparten av det kvite skummet som legg seg på overflata. Du skummar det lett av ved hjelp av ei spiseskei.

  4. Smak på syltetøyet. Treng du meir sukker? Tilset eventuelt meir. (Hugs at i syltetøyet du kjøper på butikken er det ofte meir sukker enn bær, så du har mykje å gå på om du samanliknar.)

  5. Hell over på reint glas, set på lokk og set i kjøleskapet.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.