Reklame

Bokslepp

Torsdag 30. august inviterte forlaget og eg inn til sleppfest for kokeboka Kvardagsmat. Det var fullt hus og herleg stemning, krydra med goodie-bags, eplejuice og sjølvsagt signering av nytrykt bok. Tusen takk til alle som kom, og tusen takk til alle som hadde lyst å kome men ikkje fekk plass. Aldri i verda om eg hadde trudd at vi hadde valt eit for lite lokale! Hurra finaste heiagjengen <3

bokslepp

boksleppBokslepp

Det har kome nokre spørsmål både på Snap, Insta og under boksleppet. Så her kjem ei lita oppsummering av kokeboka:)

boksleppKokeboka Kvardagsmat har fokus på middagar, sidan det var dette eg synest var vanskelegast å finne matglede i på ein travel kvardag. Det finnast både veganske og vegetariske rettar, kategorisert bakerst i boka. Dei fleste rettane er glutenfrie, eller kan enkelt gjerast glutenfrie ved å bytte til glutenfri pasta/lasagne/mjøl. Dette er testa med godt resultat her heime.

bokslepp

Tusen takk til Helios som sto for gåve til alle som kom, og fantastiske goodie-bags til tre heldige vinnarar! Kjekt med samarbeidspartnarar som alltid er positive!

Boka kan kjøpast på nett eller i bokhandel, det er berre å spørre etter den slik at dei tek den inn.

bokslepp  bokslepp

Håper du likar boka! Og at den blir mykje brukt!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for eiga kokebok

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.