Salat med steikt sjampinjong

Salat med steikt sjampinjong er den retten eg lagar oftast til meg sjølv når eg skal ha ein kjapp rett til lunsj eller kvelds. Avokado og steikt sopp er to av mine favorittar, og dei to i saman har eg alltid lyst på. Her er det berre å få soppen i steikepanna og la den steike medan du leitar fram resten av ingrediensane. Og vips så er salaten klar når den har blitt brun og gyllen.

Salat med steikt sjampinjong

Kva du har i salaten i tillegg til desse to kan du variere alt etter innhald i kjøleskapet ditt. Noko grønt blir alltid med hjå meg, og nokre frø, kjerner eller nøtter for litt knas. Dressingen ristar eg kjapt saman, eller om det skal vere enda enklare så blir det berre god olivenolje og litt nykverna salt og pepar. Det enkle er ofte det beste?

Salat med steikt sjampinjong

Oppskrift på Salat med steikt sjampinjong

1-2 porsjon / Tid: 15 min

Salat

  • 1-2 sjampinjong
  • 2 ss olivenolje
  • 1 avokado
  • 2-3 nevar salatblad
  • 2-3 ss graskarkjerner

Oljedressing

  • 1 dl god olivenolje
  • 1 ss sitronsaft
  • 1/2 ts salt
  • 1/4 ts pepar
  1. Del soppen i bitar og steik den i steikepanne med olivenolje til den er bruna og gyllen.

  2. Skyl og riv opp salatblada. Legg på ein tallerken.

  3. Del avokado i to, fjern steinen og del i terningar. Bruk ei spiseskei for å få kjøtet ut av skalet.

  4. Rør saman dressingen.

  5. Fordel avokado over salatblada og ringle over dressingen.

  6. Fordel sopp og graskarkjerner på toppen og nyt med det same.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.