Sommarsalat med jordbær og avokado

Sommarsalat med jordbær og avokado er super mat å servere når dagane er varme. Då melder lysta seg på lett mat! Jordbæra smakar himmelsk no, og er perfekte å servere saman med avokado og balsamico. Dei tre smakane kler kvarandre godt.

Sommarsalat med jordbær og avokado

Sommarsalat med jordbær og avokado

Spirene som er brukt er alfaspirer som vi fann på butikken. Når eg finn det i grønsakshylla brukar eg alltid å plukke med meg ein pakke. Spirer er heilt gull å putte i salatar og smoothie for ekstra næring. Det er i utgangspunktet enkelt å spire sjølv i glaskarmen, men no i sommarvarmen blir det ofte gløymt her i heimen. Då er det kjekt å finne ferdige spirar i grønsaksdisken.

Håper du fekk lyst på ein sommarleg salat, anten for å nyte den heime eller ta den med i kjølebagen til stranda. Der smakar jo sommarmaten endå betre! Klikk her for å finne alle salatane på bloggen samla.

Sommarsalat med jordbær og avokado

Oppskrift på Sommarsalat med jordbær og avokado

2 porsjonar / Tid: 15 min

Sommarsalat

  • 2-3 nevar salatblad
  • 1 avokado
  • 2 dl jordbær
  • 1-2 dl spirer
  • 3 ss graskarkjerner

Balsamicodressing

  • 3 ss balsamico
  • 2 dl god olivenolje
  • 1 skvis sitron
  • 1 klype salt
  1. Ha alle ingrediensane til dressingen i eit glas med lokk og rist til alt er godt blanda.

  2. Skyl og tørk salatblada, fordel dei på to fat.

  3. Del avokado i skiver og jordbæra i to.

  4. Fordel avokado, jordbær, spirer og graskarkjerner over salatblada.

  5. Ringle dressingen over og nyt.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.