Reklame

Ruccolasalat med blåbær, ost og graskarkjerner

Ruccolasalat med blåbær, ost og graskarkjerner er perfekt å servere til grillmat eller til små tapasrettar. Skal du ta med ein salat til festbordet kan du notere denne! Ferdig på 10-15 minutt, og ein litt annleis salat med ein gong det er blåbær blanda inn. Knasande graskarkjerner og mjuk ost i tillegg gjer denne enkle salaten spanande.

Ruccolasalat med blåbær, ost og graskarkjernerRuccolasalat med blåbær, ost og graskarkjerner

Eg har brukt blåbær frå butikken her, men har du nyplukka blåbær frå skogen så bruk gjerne det! Marinert ost kan vere kjøpt ferdig på butikken, eller så enkelt som restar frå kjøleskapet. Del ost i terningar, hell over ei god olivenolje og litt salt og pepar. Vil du ha litt meir smak kan du krydre med paprikapulver og chiliflak. Den marinerte osten kan du blande inn i salaten, eller servere i ei skål ved sidan av.

Ruccolasalat med blåbær, ost og graskarkjerner

Oppskrift på Ruccolasalat med blåbær, ost og graskarkjerner

3-4 porsjonar / Tid: 15 min

Ruccolasalat

  • 1 pakke (65 g) ruccola
  • 150 g blåbær
  • 3-4 ss marinert ost
  • 3-4 ss Helios graskarkjerner

Dressing

  • 1 dl Helios olivenolje
  • 1/2 ts kvitvinseddik
  • 1/2 ts flaksalt
  • 1/4 ts pepar
  • 1 klype chiliflak
  1. Rør saman dressingen.

  2. Legg ruccola, blåbær, ost og graskarkjerner i ei skål.

  3. Ringle over dressingen.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.