Pastasalat med kylling og curry
Pastasalat med kylling og curry er kjapp og enkel å røre saman, men samtidig full av smak. Dette er min favoritt måte å bruke opp kyllingen på etter å ha kokt kyllingkraft. Perfekt mat å ha ståande i kjøleskapet for enkel lunsj eller middag ei helg eller ein travel kvardag.
Pastasalat med kylling og curry
Pastaen eg har brukt denne gongen er ein glutenfri type laga av erter, bokhvete og quinoa. Den fann eg på Rema i allergihylla, og den smakte godt! Så kjekt å enkelt kunne lage glutenfri salat utan at nokon andre merkar det på smaken.
Har du eit glas mango chutney ståande er det nydeleg å servere til salaten. Det er heldigvis noko som held seg fleire månedar i kjøleskap, så det er god sjanse for at det står i kjøleskapet her i heimen. Verkeleg prikken over i’en til denne pastasalaten.
Oppskrift på Pastasalat med kylling og curry
- 120 g pasta
- 1 stor sjalottløk
- 1 raudt eple
- 150 g kyllingkjøtt
- 150 g majones
- 4 ss rømme
- 2 ts currypulver
- 1 ts gurkemeie
- 1 ts salt
- 1/4 ts pepar
- ca 50 g ruccola
- 1/2 potte koriander
- 1 dl cashewnøtter
Del kyllingkjøttet i terningar, og steik det om du ikkje brukar ferdig steikt kyllingkjøtt. La avkjøle.
Kok pasta i ei lita kasserolle til den er al dente. Hell av kokevatnet og skyl pastaen gjennom eit dørslag slik at den blir avkjølt. La renne godt av seg.
Del sjalottløk og eple i terningar.
Rør saman majones, rømme, currypulver, gurkemeie, salt og pepar.
Vend saman pasta, kyllingkjøtt, ruccola, sjalottløk, eple og dressingen.
Finhakk koriander og cashewnøtter og strø på toppen. Om du har tid kan du gjerne riste cashewnøttene i ei tørr steikepanne for ekstra god smak.
Servér salaten med godt brød og gjerne mango chutney til.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.