Reklame

Cottage cheese frukost

Cottage cheese frukost er frukosten for travle dagar når du treng noko raskt og enkelt. Nokre spiseskeier cottage cheese i botnen, frø og nøtter for litt krønsj og gode bær. På toppen av det heile strør du kanel og malt vanilje. Mmmmm! God morgon!

cottage cheese frukost

Cottage cheese frukost

Malt vanilje er ein favoritt her i heimen. Det er heilt utan sukker, berre pur vaniljestang som er kverna opp. Nydeleg på smak og perfekt å bruke som strø på frukostblandinga di. Det luktar og smakar aldeles nydeleg. Blanda med kanel funkar dette som gull for meg som ikkje klarer å ete cottage cheese rett frå boksen.

malt vaniljeBæra eg brukar hentar eg rett frå frysaren, det går fint når det er små blåbær og store bringebær. Bringebæra smuldrar lett opp og blir lette å ete sjølv om dei er frosne. Og blåbæra er så små at det går fint med frosen type av det òg. Planlegg du litt i førevegen og tinar bæra endar du opp med endå litt meir smak, men det blir for dei vidarekomne altså;)

Ha ein god frukost!

cottage cheese frukost

Oppskrift på Cottage cheese frukost

1 porsjon / Tid: 5 min

  • 2-3 ss cottage cheese
  • 1 ss mandlar
  • 1 ss valnøtter
  • 1 ss blåbær
  • 1 ss bringebær
  • 1/2 ts kanel
  • 1/4 ts Helios Bourbon vanilje
  1. Ha cottage cheese, nøtter og bær i ei skål. Strø over kanel og vaniljepulver.

  2. Nyt frukosten!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.