Førehandsbestill boka mi!

/Reklame for eiga bok/
Det har kome så mange fine ord og helsingar om den komande boka. Og det allereie før de har fått sett noko som helst. Det er så stas! Og det gjer meg så glad. Tusen takk! Eit av spørsmåla som har komt oftast er når kan vi kjøpe den? Og det kjære kvardagsmatlesar kan du gjere frå NO!

Forlaget mitt, Skald, har laga til ei eiga side for kvardagsmat. Og der kan du førehandsbestille boka mi frå og med i dag. Då får du boka til maks rabatt, og du får den rykande fersk frå trykkeriet før den kjem i bokhandelen 31. august.

Som ein ekstra bonus får alle som førehandsbestiller tilsendt eit eksklusivt kakehefte med tre av mine favorittkaker!

førehansbestill boka mi

Førehandsbestill boka mi!

Kvifor førehandsbestille?

  • Du får boka til maks rabatt: 349,- (normalpris er 399,-).
  • Du får boka før den er i butikk, tilsendt rett heim til deg.
  • Du får eit eksklusivt PDF-kakehefte med tre av mine favorittkaker. Perfekt no til festdagane i mai!

Boka har hovudfokus på middagar, sidan dette er det eg sjølv streva mest med å finne inspirasjon og ideár til då vi starta med enkel heimelaga mat. Eg har samla mine beste oppskrifter og nokre av favorittane frå bloggen i ulike kapittel. Du finn middagar for dagar der du treng mat på 10-15 minutt, dagar med passe tid og dagar med god tid. Du finn rettar som er fine å invitere storfamilien på, og rettar som er fine å lage opp og fryse.

førehandsbestill boka mi

Dette er boka eg skulle ønskje at eg fann då eg gjekk i gong på kjøkkenet! Eg kunne knapt nok lage kvit saus, og å smake til ein rett hadde eg ikkje peiling på korleis eg skulle få til. Men eg ville at familien min skulle ete meir heimelaga mat, og mindre av halvfabrikata som vi var van med.

I Kvardagsmat skildrar Anita så enkelt som råd framgongsmåten slik at du får eit godt resultat første gongen du prøver ei oppskrift. I boka finn du basisoppskrifter for dagar der heile familien skal på trening og det knapt finst plass til middag, oppskrifter til ein heilt vanleg tysdag og oppskrifter til dei dagane du får huset fullt av alle du er glad i.

Ingen likar å halde på med noko dei ikkje meistrar, men med Anita sine råd lærer du knepa som gjer det lettare å lukkast på kjøkkenet. Og mykje kjekkare!

Du klarar heilt fint å lage heimelaga mat, uansett kor lite tid du har brukt på kjøkkenet tidlegare: Prøv, feil, lær, så plutseleg forstår du kjøkkenspråket du òg.

Klikk her for å førehandsbestille boka mi!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.