Reklame

Kokosblomst-popcorn

Kokosblomst-popcorn er ein sunnare og litt kjappare versjon av karamellpopcorn som blei ein favoritt det året vi var i Asia. Karamellpopcorn er fantastisk, men la meg vere heilt ærleg. Det tek litt tid å lage og blir difor sjeldan prioritert. Sei hei til kokosblomst-popcorn!

kokosblomst-popcornKokosblomstsukker har karamellsmak, blir rekna for litt sunnare enn vanleg raffinert sukker og er dermed perfekt. Du poppar vanleg popcorn, fordelar det ut over eit steikebrett og strør sukker over. Ein kjapp tur inn i steikeomnen slik at det smeltar litt og festar seg på popcornet. Voila! Fiks ferdig søt og salt popcorn. Superdigg!

Kokosblomst-popcorn

Har du ikkje steikeomn tilgjengeleg kan du smelte sukkeret på panne, med 1 ts smør. Hell karamellen over popcornet og nyt!

 

kokosblomstsukker popcorn

Oppskrift på Kokosblomst-popcorn

2-3 porsjonar / Tid: 15 min

  • 1 ts Helios kokosolje
  • 3 ss popcornkjerner
  • 4 ss Helios kokosblomstsukker
  • Nykverna salt
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme og gjer klar eit steikebrett med bakepapir.

  2. Smelt kokosolje i ei gryte på medium-høg varme. Mi plate går frå 1-14, og eg poppar popcorn på 11.
    Pass på at du har eit lokk som passar til gryta.

  3. Ha i popcornkjerner og legg på lokk. Rist litt fram og tilbake på gryta eit par gongar medan du ventar på at poppinga skal starte. Dette for å unngå at kjernene brenn seg fast. Når poppinga startar let du gryta stå i ro til det er 2-3 sek mellom poppinga, då tek du gryta vekk frå varmen. Følg med heile tida.

  4. Fordel popcorn utover bakepapiret og strø kokosblomstsukker over. Set brettet midt i steikeomnen og la stå i ca 5 min, til sukkeret har smelta litt. Rør med ei tresleiv og hell over i ei skål.

  5. Ha nykverna salt over popcornet og nyt!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.