Reklame

Quinoaknekkebrød

No når det er mørketid gjeld det å ha enkle og gode løysinga for frukost og kveldsmat, og då er knekkebrød ein favoritt her. Knekkebrød i ulike versjonar og variantar gjer at eg ikkje går lei. Og å lage dei sjølv er null stress. Ein fin kveldsaktivitet når ein likevel er heime. Knekkebrøda lagar seg vel eigentleg sjølv, men det krevst at du opnar omnsdøra kvart tjuande minutt. Då byttar du plass på bretta og slepp ut litt damp. Stoppeklokke på telefonen og ei god bok er perfekt kombinasjon.

knekkebrød quinoaQuinoaknekkebrød er sprø, salte og knasande gode. Quinoa funkar bra som knekkebrød utan at det blir kokt på førehand, så lenge du let dei ligge i bløyt over natta først. Då går det bra å ete det utan at det blir for hardt for magen. Og kroppen kan drage nytte av alt det gode quinoaen er full av.

Quinoaknekkebrød

Det finnast fleire ulike knekkebrødoppskrifter på bloggen her.

quinoaknekkebrød

Oppskrift på Quinoaknekkebrød

ca 20 porsjonar / Tid: 1,5 t + bløytlegging over natta

  • 2 dl havregryn
  • 4 dl ukokt Helios quinoa
  • 1 dl graskarkjerner
  • 2 dl solsikkekjerner
  • 1 ss fiberhusk/loppefrøskall
  • 1 klype salt
  • 5-6 dl vatn
  1. Legg quinoa i ein stor bolle og fyll på med kaldt vatn til det er godt dekka, gjerne 5 cm over quinoaoverflata. La stå på benken over natta.

  2. Skyl av quinoaen gjennom eit dørslag.

  3. Rør saman quinoaen med alt det tørre.

  4. Bland i 5 dl av vatnet og rør godt om. La røra svelle i 10 minutt. Dersom røra er for tørr til at du kan smøre den utover tilset du resten av vatnet og let det svelle i 10 minutt til.

  5. Set omnen på 160 grader varmluft.

  6. Fordel grauten ut over 2 eller 3 bakepapirkledde bakebrett (alt etter kor store bretta dine er, og kor langt ut til kanten du stryk det). Set alle bretta inn i omnen.

  7. Etter 20 minutt tek du bretta ut, ruter opp med ein pizzaskjærar og set bretta tilbake på plass. Pass på at du byter plass på bretta, slik at ikkje det same brettet blir ståande øvst i omnen heile steiketida.

  8. Steik i nye 20 minutt, og bytt deretter plass på bretta igjen.

  9. Steik i siste 20 minutt og opne deretter steikeomnen og la knekkebrøda stå i omnen og tørke heilt ut til omnen er kald, gjerne over natta.

  10. Oppbevar quinoaknekkebrøda i tett boks og nyt med godt pålegg.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.