Cottage Cheese lappar
Cottage Cheese lappar er populært som kveldsmat og frukost her i heimen. Aller helst med nyrørt blåbærsyltetøy eller friske bær. Eller med lønnesirup eller honning for kidsa. Servert lune er det nesten som dessert å rekne!
Cottage Cheese lappar
Å leite fram steiketakka for å steike dei blir litt stress synest eg. Desse kan du enkelt steike i steikepanne, eller i to steikepanner samtidig om det skal gå kjappare. Pass på at du ikkje lagar lappane for store, 1 ss med røre er nok for ein lapp.
Om du ikkje brukar opp all røra kan den fint stå i kjøleskapet til dagen etter. Då blir det endå enklare å vere populær mor som diskar opp med god frukost eller kvelds. Eller så kan ein jo berre steike til seg sjølv og ikkje nemne det for kidsa;)
Oppskrift på Cottage Cheese lappar
- 2 egg
- 4-5 ss cottage cheese
- 1 ss fiberhusk/loppefrøskall
- 3 ss havregryn
- 1/2 ts bakepulver
- 1 ss sukker/kokosblomstsukker
- smør til steiking
Kjør alt glatt med ein stavmiksar, eller bland godt saman for hand.
La røra svelle i ti minutt.
Smelt smør i ei steikepanne og steik små lappar. Bruk maks 1 ss røre for å lage ein lapp.
Nyt med friske bær og honning.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.