Tomat- og mozzarellasalat
Tomat- og mozzarellasalat er på sitt beste når tomatane er i sesong. Finn du ulike typar tomatar så er det perfekt å blande dei i denne enkle salaten, det både smakar og ser godt ut. Nemnde eg at det berre tek ti minutt å lage denne klar? Perfekt sommarmat med andre ord.
Tomat- og mozzarellasalat
I tillegg til gode tomatar treng du ei god olivenolje. Det gjer heile skilnaden på ein ok salat og ein nydeleg salat. Det er altså no du skal leite fram den dyraste flaska du har og ringle over. Mmmm!
I tillegg til oljenolje kan du gjerne ringle litt balsamico over salaten også. Det smakar skikkeleg digg og kan anbefalast. Alternativt så kan du setje balsamicoflaska på bordet, og så kan dei som vil ringle litt av dette over også. Håper du fekk lyst på tomat- og mozzarellasalat du også!
Oppskrift på Tomat- og mozzarellasalat
- 1 mozzarellaost
- 20-30 cherrytomatar
- 2 ss god olivenolje
- fersk basilikum
- salt og pepar
Skyll og del tomatane i to eller fire og legg på eit fint fat.
Riv mozzarellaosten opp i passelege bitar og fordel over tomatane.
Hakk opp frisk basilikum og strø over saman med nokre heile blad.
Ringle di beste olivenolje over og strø med salt og pepar.
Servér som den er eller som tilbehør til godt brød, god drikke eller grillmat.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.