Panna Cotta med bringebærsaus

Panna Cotta med bringebærsaus er super dessert å servere når du skal ha gjestar, og funkar kjempebra om du skal lage dessert til mange. For ikkje mange vekene sidan var det bursdagsfeiring i næraste familie her, og då laga vi Panna Cotta til ikkje mindre enn 30 stk -heilt utan stress!

panna cotta med bringebærsaus  panna cotta steg for steg

Panna Cotta er «kokt fløyte» og det er akkurat så enkelt som det høyrest ut som. Du kokar opp fløyte, og så tilset du litt gelatin for at det skal stivne og let det avkjøle. I tillegg må du jo ha litt søting i, men enkelt forklart er det rett og slett det du gjer.

Om du kokar opp 3 dl fløyte eller 10 dl går jo nesten ut på det samme, og difor er denne desserten genial å server til fleire. Den må lagast dagen før eller tidleg på dag den dagen du skal servere. Då kan den stå trygt og godt i kjøleskapet medan du brukar tid på å pynte og ordne før gjestane kjem.

panna cotta med bringebærsaus panna cotta til mange

Panna Cotta smakar aldeles nydeleg og kan varierast alt etter kva du har på toppen. Likevel er bringebær genialt enkelt og ein av mine absolutte favorittar. Bringebær er alltid å finne i frysedisken, uansett tid på året, og er ein smak både små og store likar godt.

enkel panna cotta

Oppskrift på Panna Cotta med bringebærsaus

6 porsjonar / Tid: 30 min

Panna Cotta

  • 3 dl kremfløyte
  • 1/2 vaniljestang
  • 2 plater gelatin
  • ½ sitron
  • 4 ss sukker

Bringebærsaus

  • 200 g frosne bringebær
  • ca 1 dl sukker
  • 0, 5 dl vatn
  1. Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn.

  2. Ha 2,5 dl kremfløyte og sukkeret i ei kasserolle. Splitt vaniljestanga og ha både den og frøa i. La det trekke på middels varme nokre minutt, til det ryk og er varmt, men utan at det kokar.

  3. Ta kasserolla vekk frå varmen, plukk ut vaniljestanga og tilsett sitronsaft.

  4. Knip vatnet ut av gelatinplatene og rør i desse. Hell over i eit litermål eller liknande for å avkjøle.

  5. Pisk 0,5 dl kremfløyte og bland denne kremen inn i det andre før det har stivna, men etter at det har blitt litt avkjølt. Dette gir ekstra luftig og god Panna Cotta.

  6. Fyll opp i serveringsglas og sett i kjøleskap til det har stivna, min 3 timar men gjerne over natta. TIPS: Heller du frå eit litermål er det lettare å fylle opp utan å søle langs kantane.

  7. Lag bringebærsaus ved å varme opp bringebær, sukker og vatn i ei lita kasserolle. Mos bæra godt og rør til alt sukkeret er oppløyst.

  8. Sil av omlega halvparten av bringebærsteinane og kast desse, så blir sausen tynnare men har likevel det heimelaga preget.

  9. Avkjøl sausen, og server Panna Cotta med bringebærsaus og eventuelt blåbær/bringebær som pynt.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.