Brokkolisalat med rødkål og tranebær

Brokkolisalat med rødkål og tranebær er super å setje på bordet når det er samling og koldtbord. Saman med spekemat og røykalaks gjer denne seg veldig godt, og er eit nydeleg alternativ til den trauste potetsalaten.

I denne versjonen har eg nytta tranebær, men om du ikkje har det er det like godt med rosiner i staden. Valnøttene kan du skippe om det er nøtteallergi ute og går, eller server dei i ei skål ved sidan av. Salaten held seg fint i kjøleskap over natta, men ser absolutt freshast ut om du lagar den same dag som den skal serverast.

koldtbord jul brokkolisalat

Brokkolien skal vere rå, og ikkje fortvil om dette ikkje er di favorittgrønsak -det er fleire som har fortalt at dei eigentleg ikkje er så glade i brokkoli, men diggar denne salaten!

Tenkte du å lage pastasalat, men er redd det blir mange pastasalatar på bordet så er det supert å lage brokkolisalat i staden. Med rødkål og tranebær i blir dette ein juleversjon, og blandar du rødkålen først i dressingen (og blandar litt godt) vil du få finfin juleraud farge på salaten.

salat med brokkoli

Som bonus blir denne salaten naturleg glutenfri når det ikkje er pasta i, og det er jo ekstra kjekt så kan endå fleire nyte godt av den. Min favoritt til salaten er spekemat, men du kan også bruke salaten som tilbehør til andre rettar. Fin du ein kjempe god kombinasjon må du gjerne sende ein snap eller ei melding til meg! Inspo frå dykk lesarar er alltid kjekt:)

brokkolisalat juleversjon

Oppskrift på Brokkolisalat med rødkål og tranebær

6-8 porsjonar / Tid: 20 min

  • 2 brokkoli
  • 1/4 rødkål
  • 3 dl lettrømme
  • 2 dl majones
  • 1 ss sitronsaft
  • 1 ss honning
  • 1-2 dl tranebær (eller rosiner)
  • 2 dl riven kvitost (gjerne mozzarella)
  • 100 g bacon
  • 1-2 dl valnøtter
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts pepper
  1. Del bacon i terningar og steik det i ei panne på middels høg varme til det er sprøtt.

  2. Rør saman dressingen ved å blande rømme, majones, sitronsaft, honning, salt og peppar.

  3. Skyll brokkolien godt og del den i mindre biter, stilken også.

  4. Del rødkål i tynne strimlar og så i bitar.

  5. Bland alt saman i dressingen, pynt gjerne med bacon og valnøtter på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.