Jordbærsmuldrepai med pistasjenøtter og mandelflak

smuldrepai med jordbær

Jordbærsmuldrepai med pistasjenøtter og mandelflak er ein av dei enklaste dessertane du kan lage med friske jordbær. Ja kanskje med unntak av jordbær og fløyte då..!

Men når du er lei av berre jordbær med fløyte er det denne desserten her du skal diske opp med. Jordbær med deilig smuldretopping med ekstra piff frå pistasjenøttene og mandelflaka er genialt enkelt og himmelsk godt.

Desserten kan du gjerne lage klar på førehand, og i det middagen er servert snik du deg inn og smett paien i omnen. Så blir toppingen karamellisert og god medan de et middag, og så kan du servere lun jordbærsmuldrepai med ei kule god is til, vispa krem eller som på bileta: vaniljesaus, rett etter middag!

smuldrepai med jordbær, pistasjenøtter og mandelflak

Jordbærsmuldrepai med pistasjenøtter og mandelflak

10 min prep / 20 min steiketid / ca 6 porsjonar

  • 400 g jordbær
  • 2 ss potetmjøl
  • 2 ss sukker

 

 

Smuldretopping:

  • 50 g havregryn
  • 70 g pistasjenøtter
  • 50 g mandelflak
  • 50 g sukker
  • 50 g smør

Server med vaniljesaus, iskrem eller vispa krem.

Jordbærsmuldrepai med pistasjenøtter og mandelflak Jordbærsmuldrepai med pistasjenøtter og mandelflak Jordbærsmuldrepai med pistasjenøtter og mandelflak

Oppskrift:

  1. Sett omnen på 225 grader over- og undervarme.
  2. Del jordbæra i fire og bland med potetmjøl og sukker og legg i ei eldfast form.
  3. Grovhakk pistasjenøttene og smuldre saman med resten av smuldretoppingen. Mandelflaka kan du godt vente med, slik at dei ikkje knekk.
  4. Fordel smuldretoppingen over jordbæra og strø over mandelflak.
  5. Steik i omnen i ca 20 minutt til paien er gyllen. Har du grillelement på omnen din kan du godt setje på dette siste tre minutta for ekstra karamellisering.
  6. Server smuldrepaien lun med vaniljesaus på toppen.
jordbær vaniljesaus

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.