![bringebær is](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/06/20160525-DSC_0114-1000x620.jpg)
Bringebæriskrem
![bringebæriskrem](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/06/20160525-DSC_0112-1024x686.jpg)
Har du lyst til å lage heimelaga iskrem men manglar iskrem-maskin? Då er dette oppskrifta for deg! Ved å nytte ei boks søt kondensert mjølk slepp du unna både å skilje egg, varme opp, kjøle ned og kjøre i ismaskin og endar likevel opp med nydeleg heimelaga is!
I denne versjonen har eg nytta frosne bringebær frå frysedisken, og det blei nydelg rosa is. Til og med gutta krutt godkjende isen og gav den beste karakter -sjølv om den hadde såkalla jentefarge!
Du treng ikkje meir enn max 15 minutt på å røre den saman, og så er det berre å setje isen i fryseboksen og glede seg til å nyte. Prøv då vel;)
![bringebæris](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/06/20160525-DSC_0140-1024x686.jpg)
Bringebæriskrem
Til omlag 2 liter is treng du:
- 6 dl kremfløyte
- 400 g søt kondensert mjølk
- ca 400 g frosne bringebær
- ca 2 ss sukker
- 1 ss sitronsaft (pressa frå fersk sitron)
![heimelaga bringebæris](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/06/20160525-DSC_0133-1024x676.jpg)
Oppskrift
- Ha bringebær, sukker og sitronsaft i ei lita kasserolle og kok opp. Mos bæra godt med ei sleiv og la småkoke i 5-10 min.
- Klem bringebæra gjennom eit dørslag/ei sil, slik at du får fjerna steinane.
- Avkjøl bringebærsafta.
- Ha kremfløyta og søt kondensert mjølk i ein bolle og visp til krem. (Dette tek litt lenger tid enn med berre kremfløyte).
- Vend forsiktig inn den avkjølte bringebærsafta, her kan du velje om du vil ha heilfarga rosa iskrem eller kvit med rosa bringebærmønster.
- Hell over i form, dekk til, og sett i frysaren over natta.
- Ta ut isen litt før servering, den er best litt mjuk synest eg, og nyt nydeleg heimelaga is med frisk smak av bringebær.
![bringebæriskrem](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/06/20160525-DSC_0142-680x1024.jpg)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.