
Bringebær og cashewnøtt-iskrem

Bringebær og cashewnøtt-iskrem laga av nettopp berre bringebær og cashewnøtter! Er det ikkje fantastisk at dei to i saman kan bli nydeleg iskrem? Bær og nøtter altså. Eg synest i allefall at det er fantastisk!
Dette er ein perfekt ettermiddagsdessert ein dag du har lyst på noko godt men ikkje har lyst til å bruke tid på kjøkkenet. Eller ein dag du har lyst på nydeleg is med bringebærsmak!

Bringebær og cashewnøtt-iskrem
Til 2 personar treng du:
- 200 g frosne bringebær
- 50 g cashewnøtter
- 1 ss flytande honning


Oppskrift:
- Ha alt i ei matmølle (foodprosessor) og kjør til du har ei jamn masse.
- Server med det samme, gjerne med litt riven mørk sjokolade på toppen.
- Mmmm! Nyt og la deg fascinere av at desse ingrediensane i lag kan bli nydeleg is!

Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.