Smoothie-bowl med jordbær
Smoothie-bowl er ein av mine favorittar å starte dagen med. Krema, tjukk smoothie som du et med skei og er toppa med noko knasande og friskt. Smoothien held seg fint ein dag i kjøleskap, og derfor lagar eg alltid dobbel porsjon -så har eg klar ein til dagen etter.
Har du brune bananar liggande er dei perfekte å legge i fryseboksen for bruk til denne, då blir smoothien ekstra søt og god.
Smoothie-bowl med jordbær
Til 2 porsjonar:
- 1 (brun og frossen) banan
- 2 dl (frosne) jordbær
- 1 stor eller 2 små avokado
- 1 ss kokosolje
- 0,5-1 dl kaldt vatn
- 1 ss chiafrø
- 2 ss valnøtter
- 1 ss tranebær
- 1 ss mandelflak
- Friske blåbær og jordbær til pynt
Oppskrift
- Ha banan, jordbær, avokado, kokosolje og 0,5 dl vatn i ein blender og kjør til ei jemn masse. Spe med meir vatn om det trengst.
- Hell over i ei skål og topp med chiafrø, valnøtter, tranebær, mandelflak og friske bær.
- Nyt!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.