Lakriskuler utan sukker
Lakriskuler utan sukker er søta med dadlar og smakar skikkeleg digg. Litt sunnare godteri kan vere kjekt avogtil, og då er desse små herlegheitene perfekte!
Lakriskulene er raske å lage og krev ikkje mange ingrediensane. Kanskje må du innom helsekost eller ein større daglegvareforretning for å finne det du treng -men det er det verdt!
Denne gongen brukte eg både lakrissirup og lakrispulver, men om du har berre pulver (som eg har sett oftast på butikkane) går det like bra. Nydeleg små kuler som du kan nyte åleine eller saman med andre;)
15-20 lakriskuler utan sukker:
- 100 g mandlar
- 5-6 mjuke dadlar
- 1 ts kokosolje (kan sløyfast)
- 1 ts søt lakrissirup (eller bruk lakridspulveret)
- 1 klype salt
- ca 2 ss lakrispulver til å rulle kulene i
Slik gjer du:
- Kjør mandlane i ein foodprosessor eller ei kvern til dei er kverna. Litt grove bitar gjer ingenting.
- Del dadlane, ta ut steinen og ha dei i foodprosessoren saman med mandlane. Kjør til du har ei jamn masse.
- Bland inn mjuk kokosolje (min står i romtemperatur), lakrissirup og salt.
- Trill små kuler og sett på eit brett.
- Ha lakrispulveret i ei lita skål og rull kulene i pulvere.
- Oppbevar kulene i tett glas i kjøleskap -du et dei nok opp før dei blir gamle!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.