Kokosgranola med chiafrø

oppskrift granola kokos

Kokosgranola med chiafrø er som namnet tilseier granola med smak av kokos. Kokos var ein smak eg hadde vanskeleg for å lære å like, men så vips -eit år i Asia og det er ein av mine absolutte favorittar!

I granolaen finn du både kokoschips, kokosstrøssel og kokosolje. Blir dette i overkant for deg, kan du gjerne kutte og lage din eigen vri, som sagt så har eg vore der at eg ikkje synest kokos var så fantastisk…!

Kokoschips finn du på helsekost, og den synest eg blir best om den ikkje blir med inn i omnen, men får vere heilt naturell.

kokosgranola

Til 2 steikebrett kokosgranola med chiafrø:

  • 2 dl solsikkekjerner
  • 2 dl linfrø
  • 1 dl reven kokos
  • 2 dl graskarkjerner
  • 2 dl valnøtter
  • 3 ss chiafrø
  • 2 dl mandlar
  • 3 dl havregryn
  • 2 dl kokoschips/kokosflak
  • 1 dl vatn
  • 1 klype salt
  • 2 ss kokosolje
musli kokos

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 130 grader varmluft.
  2. Grovhakk mandlane, valnøttene synest eg er best som dei er.
  3. Mål opp alt og rør saman til alt er godt blanda.
  4. Spre blandinga ut over to bakepapirkledde steikebrett.
  5. Steik i ca 1 time, til blandinga er sprø. Rør nokre gongar undervegs.
  6. Avkjøl, ha i kokoschipsa/flaka og oppbevar på glas.
  7. Server med gresk yoghurt, litt flytande honning og blåbær.
kokosgranola med chiafrø

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.