Rocky Road Brownies

brownies med marshmallows

Rocky road brownies er deilig klissete søt og god brownies med crunchy valnøtter og smelta marshmallows. På toppen er det deilig sjokoladesaus som du rører saman på få minutt. Sausen liknar på den du ofte får servert på toppen av is, og er nydeleg til det, anten servert saman med browniesen eller servert åleine.

Ta vare på resten av sausen og ha den i kjøleskapet til neste gong du treng deilig sjokoladesaus, då er det berre å varme den litt opp slik den blir passe flytande og ringle over det du vil ha sjokoladetoppa.

nydelig brownies

Rocky Road Brownies til ei lita langpanne:

  • 250 g mørk kokesjokolade
  • 250 g smør
  • 200 g sukker
  • 4 egg
  • 150 g kveitemjøl
  • 200 g valnøtter
  • 2 ts bakepulver
  • 50-100 g mini-marshmallows

Sjokoladesaus:

  • 2 dl sukker
  • 1 dl kakao
  • 0,5 dl vatn
  • 1 ss smør
  • 2 ss sirup (både lys og fin går fint)
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 klype salt
brownies brownies med sjokoladesaus

Slik gjer du:

  1. Sett omnen på 150 grader over- og undervarme.
  2. Hakk sjokoladen og smelt den saman med smøret i ei kasserolle.
  3. Bland egg og sukker godt i ein bolle.
  4. Hell sjokoladeblandinga over i bollen og bland godt.
  5. Sikt i kveitemjøl og bakepulver og rør til alt er blanda.
  6. Ta til side 10-15 valnøtter til pynt, og grovhakk resten.
  7. Vend valnøttene inn i kakerøra.
  8. Hell røra over i ei langpanne kledd med bakepapir.
  9. Strø mini-marshmallows over.
  10. Steik kaka i 35-40 min.
  11. Avkjøl litt før du deler opp i bitar.
  12. Ringle sjokoladesaus over og pynt med valnøttene.

Sjokoladesaus:

  1. Ha alt i ei kasserolle og varm opp under omrøring til alt er smelta og du har ein jamn saus.
  2. La avkjøle litt så den blir litt tjukkare, blir den for stiv er det berre å varme opp igjen.

 

verdens beste brownies

Tips:

  • Denne kaka kan fint lagast glutenfritt ved å bytte ut kveitemjølet med glutenfri kakemiks/glutenfritt mjøl.
  • Vil du ha litt variasjon kan du ha peanøtter i staden for eller i tillegg til valnøttene, det er også kjempe godt!
rocky road brownies

Følg meg gjerne på instagram og snapchat: @kvardagsmat:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.