Sjokoladekake i langpanne

   lanpanne sjokoladekake

Sjokoladekake i langpanne er bankers å servere i barnebursdag eller når det skal vere dugnad, barnehagefest eller 17.mai. Enkel, god sjokoladekake som både born og vaksne likar godt. Dess meir pynt dess bedre synest dei to minste her i huset, og dei får gjerne vere med å pynte.

Denne kaka har ei lita skei med kanel i, og det er med på å framheve den gode sjokoladesmaken, så den anbefalast å ta med.

Smørkremen på toppen er knallgod, og kan fint brukast på andre kaker om du treng ein god sjokoladekrem der. Pass på at du rører lenge nok, slik at du unngår å finne små smørklumpar i kremen når kaka skal serverast…. Det er ikkje like kjekt;)

sjokoladekake i langpanne

Til ei langpanne treng du:

  • 6 egg
  • 450 g sukker
  • 600 g kveitemjøl
  • 4 ss kakao
  • 1 ts kanel
  • 3 ts vaniljesukker
  • 2 ts bakepulver
  • 5 dl mjølk
  • 400 g smør
Glasur:
  • 200 g mjukt smør
  • 400 g melis
  • 4ss kakao
  • 0,5 dl kaffi (flytande)
 sjokoladekake
Slik gjer du:
  1. Set omnen på 180 grader over- og undervarme.
  2. Visp luftig eggedosis av egg og sukker.
  3. Smelt smør og rør inn mjølka.
  4. Sikt kveitemjølet og bland med resten av det tørre.
  5. Bland inn det våte og det tørre vekselvis i kakerøra.
  6. Hell røra i bakepapirkledd langpanne.
  7. Steik kaka midt i omnene i ca 30 min, til kaka er gjennomsteikt. Sjekk ved å stikke ei fyrstikk/strikkepinne/kakepinne midt i kaka. Er det ikkje røre på pinnen er kaka ferdig.
  8. Set langpanna på ei rist, og la kaka avkjøle i langpanna.
  9. Ha på glasur når kaka er kald.
oppskrift glasur
Glasur:
  1. Rør mjukt smør, melis, kakao og kaffi til ein jamn smørkrem. Bruk kjøkkenmaskin, og pass på at du held på lenge nok slik at du får ein krem utan klumpar.
  2. Stryk kremen utover kaka, og pynt gjerne med Non-Stop eller kakastrøssel.
oppskrift sjokoladekake i langpanne langpanne

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.