
Panna Cotta med julekrydra multer

Panna Cotta er nydeleg avslutning på eit godt måltid, og det er absolutt ekstra stas å få servert si eiga lille desertskål i staden for ei stor felles midt på bordet. Og i jultider passar det godt å gjere det lille ekstra.
Leit fram multene du plukka i haust og la i frysaren, eller å gå på jakt i frysedisken på butikken og server desse små smakfulle bæra på toppen av denne nydelege italienske desserten. Det beste frå italia blanda med det beste frå norsk tradisjonsdessert.

Panna Cotta lagar du helst dagen før du skal servere, og det er jo gull når ein skal ha gjestar. Lag gjerne sausen klar, men vent med å ha den over i glasa før du skal servere. Då smakar og ser desserten best ut.
Heldigvis er Panna Cotta mektige saker, så du treng ikkje mykje per person, men du kan gjerne doble oppskrifta om du er redd for at det blir for lite. Eller kanskje du vil ha litt ekstra smaksprøve til kokken? Det er jo heilt lov når ein står på kjøkkenet!

Til 4-5 personar treng du:
- 3 dl kremfløyte
- 1 vaniljestang
- 2 plater gelatin
- safta frå ½ sitron
- 4 ss sukker
Multer:
- 100 g multer
- 1-2 ss sukker
- 1/2 dl vatn
- 1 kanelstang
- 1 klype nellik
- 1 klype ingefær

Slik gjer du:
- Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn.
- Ha 2 dl av kremfløyte og sukkeret i ei kasserolle. Splitt vaniljestanga, skrap ut frøa med ei teskei og ha både frø og stang i.
- Kok opp, men ta kasserollen vekk frå varmen rett før det kokar.
- Ta ut vaniljestanga og tilsett sitronsaft.
- Knip vatnet ut av gelatinplatene og rør inn desse i den varme fløyta.
- Visp den siste delen av kremfløyta til luftig krem og vend dette inn i den kokte fløyta. (For å få ekstra luftig og krema sluttresultat).
- Fyll opp i serveringsglas og sett i kjøleskap i 2-3 timar til det er stivt (gjerne over natta).
Alternativ 1: Multesausen (lage og så oppbevare-metode, kald saus):
- Ha bæra i ei kasserolle saman med sukker, kanelstang, nellik, ingefær og vatn. Rør og mos bæra med ei sleiv medan dei kokar i 2-3 min, til sukkeret er oppløyst.
- Avkjøl, dekk med plast og oppbevar i kjøleskap.
- Aus sausen over Panna Cottaen før servering.
Alternativ 2: Multesausen (rett før servering-metode, varm saus):
- Ha bæra i ei kasserolle saman med sukker, kanelstang, nellik, ingefær og vatn. Rør og mos bæra med ei sleiv medan dei kokar i 2-3 min, til sukkeret er oppløyst.
- Avkjøl litt før du auser sausen over i glasa med ei skei.
- Klar til servering!

Nydeleg avslutning på eit godt måltid
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.