Troika
Troika skal vere russisk og tyde tre. Og det er nettopp tre lag denne deilige konfekten har. Den er enkel å lage sidan den i hovudsak inneheld ferdigkjøpte ingrediensar som butikkane flaumer over av no når det nærmar seg jul. Og så nydeleg god då!
Eg hugsar at ei veninne måtte «lære meg» å like Troika før eg fall for denne herlegheita. Då var trikset å dele sjokoladen i tynne skiver og nyte ei og ei skive saman med god kaffi. Og den dag i dag likar eg best Troika i små mengder i gongen, men gjerne maaaange gongar etter kvarandre.
For å lage denne konfektar treng du litt tid til å la dei ulike laga stivne, men ellers er det enkelt og det krevst ikkje noko fancy konfekt-utstyr.
Til ei 20 x 20 cm form (sjå tips om du ikkje har slik form) treng du:
- 300 g marsipan
- 200 g nougat
- 1 pakke bringebærgele (pulver)
- 2,5 dl vatn
- 100 g mørk sjokolade
Slik gjer du:
- Kle forma med plastfolie.
- Kjevle eller trykk ut marsipanen slik at den dekkjer forma i eit jamt lag.
- Smelt nougaten over vassbad, og fordel den over marsipanen.
- Set forma i kjøleskap.
- Kok opp vatnet og rør ut bringebærgelepulveret. Avkjøl heilt før du heller over nougaten. Set tilbake i kjøleskap og la stå heilt til geleen har stivna.
- Smelt sjokolade over vassbad, kjøl den ned så mykje som råd (romtemperatur) men slik at den framleis er smørbar.
- Løft Troikaen ut av forma og over på ei skjærefjøl ved hjelp av plastfolien. Stryk utover den smørbare sjokoladen.
- Del opp Troikaen i bitar før sjokoladen stivnar, slik at du unngår at den sprekk opp.
- Oppbevar i boks i kjøleskap. Anten utan lokk eller med eit kjøkkenpapir inne i boksa som trekk til seg fuktigheit, slik at du unngår at sjokoladen «svettar».
TIPS:
- Har du ikkje 20 x 20 form? Bruk to brødformer i staden. Eller halver oppskrifta og bruk ei brødform.
- Det er enklast å gjere som i oppskrifta over, men om du vil kan du dele opp troikaen i bitar før du har over sjokoladen. Då får du sjokoladetrekk på alle sider av konfekten, men det er også litt meir sølete å få det til.
- For å unngå at sjokoladen sprekk opp er det smart å dele opp konfekten i bitar rett etter at du har smurt uttover sjokoladen.
Les tipset over for å unngå at sjokoladen sprekk opp!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.