
Kransekakestenger

Kransekakestenger er jo det eeeeenklaste som finnast. Det er umogleg å gjere feil! Eller?
Om du følgjer meg på instagram har du kanskje sett biletet av korleis det gjekk då eg brukte kverna på stavmiksaren for å kverne mandlane? Det blei ikkje kransekakestenger, men heller flate kransekake-kjeks. Dei smakte like godt altså, men såg ikkje så fine ut.
Dommen var klar: eg måtte bruke den gamle kverna. Som sagt, så gjort og resultatet blei knallgode kransekakestenger. Den enklaste som finnast!

Til om lag 36 stenger treng du:
- 250 g mandlar
- 250 g melis
- 2 eggekviter
Sjokoladetopping:
- 100 g mørk kokesjokolade
- 1 ss kokosfett (delfia eller extra virgin)


Slik gjer du:
- Mal mandlane på ei gammaldags kvern. (Og ja –det er faktisk heilt naudsynt for å få stenger og ikkje flate kjeks. Eg har testa…)
- Bland melis og malte mandlar og rør inn eggekviter ved å bruke K-spaden på ei kjøkkenmaskin.
- Pakk deiga inn i plast og legg i kjøleskap i 2-3 timar eller over natta.
- Set steikeomnen på 200 grader over- og undervarme.
- Del deiga i 4 emner og trill lange pølser med diameter som ein finger og del opp.
- Legg på bakepapirkledd steikebrett og steik midt i omnen i ca 10 min, til stengene er gylne.
- Avkjøl på rist.
Sjokoladetrekk:
- Smelt sjokoladen over vassbad og rør inn kokosfettet.
- La sjokoladen kolne litt, slik at den ikkje er alt for rennande.
- Dypp eine sida av kransekakestengene i sjokoladen og legg på eit bakepapir.
- Se alt i frysaren til det har stivna (5-10 min), og dypp så andre sida i sjokoladen.
- Oppbevar gjerne i frysar, kransekakestengene tinar på eit blunk!
Og lurte du på korleis den misslukka versjonen såg ut? Den kan du sjå her:

Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.