
Lavakake
Lavakake eller sjokoladefondant er små, varme porsjonsstykker av sjokoladekake med flytande kakerøre midt i. Nyyyydeleg, og like imponerande å servere kvar gong.
Skilnaden frå perfekt kake til for lite eller for mykje steikt kake er berre minutt om å gjere, så her er det berre å følgje med. Kaka må steikast rett før servering, så om du skal ha gjestar er det berre å gjere klar kakerøra og oppbevare den i kjøleskapet. Så fyller du i formene og steiker når du er klar til å servere.
Og du -fortvil ikkje om du er nokre minutt på feil side, resultatet smakar stort sett nydeleg utansett.
Til 4 porsjonar treng du:
- 100 g mørk sjokolade
- 100 g smør
- 50 g kveitemjøl (eller glutenfritt mjøl)
- 100 g sukker
- 2 egg
- 2 eggeplommer
- Litt kakaopulver og smør til formene
- Melis og friske bær til pynt
Slik gjer du:
- Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
- Hakk sjokolade og smelt over vassbad saman med smøret.
- Visp egg, eggeplommer og sukker til luftig eggedosis. (Visp lenge med kjøkkenmaskin.)
- Vend inn sikta mjøl i eggedosisen.
- Vend inn smelta smør og sjokolade. (Set røra i kjøleskapet om du ikkje skal servere med det samme.)
- Smør formene med smør, slik at kakene slepper forma lett og sikt i litt kakao og fordel røra.
- Steik midt i omnen i ca ti minutt, til toppen har heva seg litt frå forma men det framleis er rennande røre når du sjekkar med ein kakepinne. Kanskje er det perfekt med 8 eller 12 minutt i din omn, følg med!
- Snu forma opp ned på ein tallerken, strø over melis og pynt med bær. Servér åleine eller saman med krem, iskrem eller kesam.

Følg meg gjerne på instagram og snapchat: kvardagsmat
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.