Quinoasalat med rødbeter og kremost
Quinoa er eit «superfrø» som er proppa med næringsstoff og har deilig nøtteaktig smak. Frøet er glutenfritt, og kan erstatte både pasta og ris i mange rettar. Kok gjerne meir quinoa enn du treng og oppbevar det i ei tett boks i kjøleskapet. Då kan du enkelt lage deg ein digg salat, eller du kan bruke quinoa i brød eller rundstykker som her. Rødbeter er også fine å koke på førehand og oppbevare i kjøleskap. Dei blir utruleg søte og gode når du bakar eller kokar dei. Har du desse på plass i kjøleskapet er denne salaten laga på under ti minutt!
Til 2 personar treng du:
- 1,5 dl ukokt quinoa
- 3 dl vatn
- 2-3 rødbeter
- 1-2 vårløk
- ½ agurk
- ½ lime
- 2-3 ss god olivenolje
- 2-3 ss kremost
- 1-2 ss blåmuggost (kan sløyfast)
- 1 neve valnøtter
- salt og peppar
Slik gjer du:
Quinoa:
- Skyl quinoaen i eit dørslag til det ikkje skummar lenger.
- Ha over i ei kasserolle og ha i vatnet + ei klype salt.
- Kok opp og la småkoke under lokk til frøa har opna seg og fått ein hale (ca 15-20 min). Rør rundt med ein gaffel og avkjøl.
Rødbeter og resten av salaten:
- Vask rødbetene godt og ha i ei kasserolle saman med ei klype salt. Kok opp og la småkoke til dei er møre (akkurat slik du kokar poteter, ca 30 min).
- Hell av kokevatnet og la dampe av seg og avkjøle litt før du skrellar av skalet. Del opp i båtar.
- Del vårløk og agurk i bitar.
- Rør saman limesaft, olivenolje og litt salt og peppar.
- Bland dressingen inn i quinoaen, og bland så saman alt til ein salat.
- Servér gjerne med godt brød.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.