Baconsurra dadlar
Dette er ein av mine favorittar når det kjem til snack og tapas. Salt og søtt i ei herleg blande og passe store porsjonsbitar. Desse godbitane forsvinn alltid først frå tapasbordet, og er både lette å lage og lette å like. Du treng to ingrediensar: bacon og dadlar. Etterkvart har vi funne ut at vi likar best bacon som er tørrsalta, og dadlar som er mjuke og har steinen i seg. Men for all del; ta det baconet og dei dadlane du finn! Eg tippar det blir bra uansett!
Til eit tapasbord kan du gjerne rekne 2-3 per person, er det som ein snack åleine er det lurt å doble det talet.
Du treng:
- Baconskiver
- Dadlar
- Tannstikkar (kan sløyfast)
Slik gjer du:
- Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
- Splitt dadlane og fjern steinen.
- Del baconskiva i to, slik at den akkurat går rundt ein daddel og fest med ein tannstikkar.
- Set på eit eldfast fat og steik i ca 15 min, til baconet er gyllent.
- Servér med det samme (kan også nytast lunka eller kalde).
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.