
Tilslørte bondepiker
Hausten er her, og det betyr eplesesong! Bruk epla medan dei er norske og ferske, som her i denne enkle men populære desserten.
Tilslørte bondepiker er genial dessert å servere når du skal ha gjestar, sidan den lett kan lagast i god tid før den skal serverast. Eit lite (eller stort) glas til kvar, der berre fantasien set grenser for korleis du danderar det. Epler og kanel er jo knallgodt i lag, og med karamelliserte smular og krem i mellom er det ikkje rart at denne desserten har den statusen den har.
Tilslørte bondepiker til 4-6 pers:
- 4 epler
- 3 ss sukker
- 1 dl vatn
- 1/2 sitron
- 50 g smør
- 5 dl havregryn
- 1/2 dl sukker
- 1 ts kanel
- 3 dl kremfløyte
- 1 vaniljestang
Slik gjer du:
- Skrell epla, del dei i terningar og ha dei i ei kasserolle.
- Vask sitronen godt og riv av det gule skalet med eit lite rivjarn.
- Ha vatn, sukker, sitronskal og sitronsaft i kasserolla og kok opp. La småkoke til epla er møre.
- Mos epla grovt og avkjøl.
- Kjør 3 dl av havregryna i ei matmølle (food prosessor) til havremjøl.
- Smelt smør i ei steikepanne og ha i havregryn, havremjøl, sukker, kanel.
- Steik på middels-høg varme til blandinga har blitt karamellisert, rør heile tida.
- Ha over på ein tallerken og avkjøl.
- Splitt vaniljestanga og skrap ut frøa.
- Ha frø og kremfløyte i ein bolle og visp til krem.
- Legg lagvis havregryn, eplemos og krem, pynt gjerne med litt ekstra kanel.


Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.