Kantarell omelett

kantarell omelett Omelett er raskt, enkelt og godt og kan heldigvis varierast både etter sesong og utval i kjøkkenskapet. Denne versjonen har haustens kantarell som eg plukka med meg frå skogstur for nokre veker sidan. Eg tørkar soppen ved å la den ligge på eit kjøkkenpapir på benken i 4-5 dagar til den er knusktørr. Etterpå oppbevarar eg den på eit glas med lokk, og kan enkelt nytte sopp i ulike rettar. Og er det noko som verkeleg set prikken over i’en så er det kantarell med sin nydelege kryddersmak.

omelett med kantarellTil 1 person treng du:

  • 2 egg
  • 1 ss vatn
  • 1 vårløk
  • 1/4 raud chili
  • 1 fedd kvitløk
  • 10-12 kantarell (gjerne tørka)
  • 1 ts hakka soltørka tomat
  • 1 ss frisk persille
  • salt og peppar
  • litt reven parmesan

kantarell eggSlik gjer du:

  1. Finhakk chili, kvitløk og vårløk.
  2. Steik kantarellen til den sveittar (hopp over dette dersom du nyttar tørka sopp) og legg til side.
  3. Fres chili, kvitløk og vårløk til løken blir blank.
  4. Ha i soltørka tomat og kantarell.
  5. Visp saman egga og vatnet, ha i litt salt og peppar og hell over.
  6. Riv parmesan over.
  7. La steike i 2-3 minutt før du set heile steikepanna under grillen i steikeomnen. Har du ikkje grill legg du på lokk og skrur ned varmen. La stå til omeletten ikkje er rennande.
  8. Ha over persille og server med det samme!
kantarellomelett
EEE084D2-8B46-4828-AFF93EDDF200764C-244484A6-5487-4E4F-B42F81FE3454B250

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi nye kokebok her!