Yoghurt-Panna Cotta med jordbærsaus

Yoghurt-Panna Cotta med jordbærsaus

Panna Cotta med ein syrleg smak av yoghurt er nydeleg. Og med sommarens friske jordbær er dette enkel og god dessert som du fint kan lage klar på førehand. Kjekt å ha klar i kjøleskapet når grillfesten er i gong.

jordbær panna cotta

Yoghurt-Panna Cotta med jordbærsaus

Til 6 personar treng du:

  • 2 plater gelatin
  • 4 dl fløyte
  • 2 dl mjølk
  • 50 g sukker
  • 150 g gresk yoghurt
  • 1 vaniljestang

Jordbærsaus:

  • ca 20 jordbær
  • 1 dl vatn
  • 1 ts sukker
  • 1/2 lime
yoghurt-panna cotta med jordbær

Slik gjer du:

Panna Cotta:

  1. Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn.
  2. Ha fløyte, mjølk og sukker i ei kasserolle.
  3. Splitt vaniljestanga, skrap ut frøa og ha begge deler i fløyteblandinga. Kok opp medan du rører.
  4. Ta kasserollen vekk frå varmen.
  5. Knip ut vatnet frå gelatinplatene og rør dei inn i fløyteblandinga.
  6. Rør inn yoghurten.
  7. Sil gjennom eit dørslag og fordel fløyteblandinga i seks glas.
  8. Set til avkjøling.

Jordbærsaus:

  1. Del 10 av jordbæra i mindre bitar.
  2. Ha vatn og sukker i ei kasserolle, kok opp medan du rører.
  3. Trekk kasserollen til side, ha i jordbærbitane og la trekke i 3-4 minutt.
  4. Kjør glatt med ein stavmiksar (evt mos med ein gaffel) og avkjøl.
  5. Press limen, og rør inn.
  6. Fordel resten av jordbæra over Panna Cottaen saman med jordbærsausen rett før servering.
panna cotta med yoghurt

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.