Vaniljeis med sjokoladebitar -utan ismaskin

vaniljeis med sjokoladebiterVaniljeis med sjokoladebitar er ein av mine favorittar som eg har med meg frå barndommen av. Dog var den vi fekk då sjølvsagt kjøpe-is, men no er det ingen grunn til å gå på butikken etter is.

Dette er utan tvil verdas enklaste is å lage. Ingen deling av egg, ingen koking av fløyte og ingen ismaskin. Men likevel F-A-N-T-A-S-T-I-S-K god is.

Vi måtte rett heim og lage is då eg til mi store glede (og overrasking) oppdaga at den lokale nærbutikken hadde fått søt kondensert mjølk i butikkhylla (hurra!). Og fire timar seinare kunne vi nyte herleg heimelaga is til dessert.

Treng du is med ein gong seier du? Frys i mindre porsjonar så går det raskare, og du kan ta opp ei lita porsjonsboks til dei som vil ha is når behovet melder seg.

Eller et kremen utan å fryse den…. erfaringsmessig smakar den veldig godt;)

vaniljeis med sjokoladebitar

Til omlag 2 liter vaniljeis med sjokoladebitar treng du:

  • 6 dl kremfløyte
  • 400 g (1 boks) søt kondensert mjølk (ikkje Vikingmjølk, les meir under)
  • 1 vaniljestang
  • 100 g mørk kokesjokolade
hjemmelaget iskrem is uten ismaskin

Slik gjer du:

  1. Ha kremfløyte, søt kondensert mjølk og frøa frå vaniljestanga i ein bolle og visp til krem.
  2. Hakk opp sjokoladen og bland i.
  3. Dekk til, og sett i frysaren i minimum 4 timar -gjerne over natta.
  4. Ta ut isen litt før servering, og nyt nydeleg heimelaga is -gjerne med friske bær til.
vaniljeis uten ismaskin

NB! Viking mjølk er ikkje det samme som søt kondensert mjølk! (Vikingmjølk er usukra versjon, og funkar ikkje på samme måte). Søt kondensert mjølk (eller sweet condensed milk) finn du i bakehylla på større matbutikkar, eller på ein asiatisk butikk.

Mi erfaring er at boksa kostar mellom 50-75 kr på matbutikken, og 30 kr på asiabutikken, så det er vel verdt å svinge innom ein slik butikk neste gong du går forbi;)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.