Chocolate Nemesis

sjokolade nemesis

Denne kaka stammar frå The River Café i London og skal vere legendarisk. Eg las først om den i den finfine bakeboka «Slikkepott» signert Lise Finckenhagen, og valde å halde meg til hennar framgongsmåte. Ho forklarer så enkelt og godt at ein lett kan bake ei ny kake utan å vere redd for å misslukkast -akkurat slik eg strebar etter å klare her på min blogg.

Kaka er nydeleg, mjuk og krema. Nesten som ei blanding av sjokolademousse og konfektkake. Og det beste av alt? Berre fem ingrediensar (fire om du trekk frå vatnet), og heilt utan mjøl! Altså naturleg glutenfri og dermed til glede for fleire rundt dessertbordet.

Kaka skal steikast i vassbad, men det er slett ikkje vanskeleg. Set inn langpanna i omnen og fyll den opp med vatn ved hjelp av ein mugge, så slepp du å balansere vatn og søle. For at vatnet ikkje skal trenge inn i kakeforma kler du den med aluminiumsfolie, men det kan du lese meir om i oppskrifta under. Finn fram det du treng og lag ei fantastisk god og enkel sjokoladekake:

chocolate nemesis

Til ei rund form (22 cm) treng du:

  • 5 egg
  • 280 g sukker
  • 1,25 dl vatn
  • 350 g mørk sjokolade (60-70 %)
  • 225 g smør

evt. kakao og bringebær til pynt

nemesis

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 160 grader over- og undervarme. Set inn ei langpanne og fyll med vatn så høgt du kan, men utan at det renn over når du seinare skal setje inn kakeforma. (Du kan eventuelt etterfylle med varmt vatn).
  2. Dekk botnen av kakeforma med bakepapir, og kle utsida med aluminiumsfolie. Eg brukte to lag folie for å vere sikker på at det ikkje skulle komme inn vatn i forma.
  3. Hakk sjokoladen.
  4. Visp egga til luftig eggedosis saman med 1/3 av sukkeret.
  5. Ha vatnet og resten av sukkeret i ei kasserolle og kok opp. La småkoke til du har ein sirup (alt sukkeret er oppløyst).
  6. Trekk kasserolla av varmen og rør inn den hakka sjokoladen og smør i terningar.
  7. Hell den lunka sjokoladeblandinga forsiktig i eggedosisen medan du vispar, bland alt godt ved hjelp av ein slikkepott.
  8. Set forma i vassbadet. (Kaka blir jamnare steikt dess høgare opp vatnet står).
  9. Steik i ca 1 time (eg steikte den i 1 time og 15 min), kaka vil sjå mjuk og «uferdig» ut når du tek den ut. La avkjøle heilt i forma, gjerne i kjøleskap over natta. (Ta av aluminiumsfolien, i tilfelle det har kome vatn inn i det du løfta ut kaka.)
  10. Skjær med ein kniv rundt kaka og ta av kakeringen. Legg eit kakefat opp-ned opp på kaka og snu heile greia rundt. Fjern kakeformbotnen og dra av bakepapiret.
  11. Sikt over kakao og pynt med bringebær om du vil.
  12. Nyyyt!
glutenfri sjokoladekake

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.