Finalist -Verdas beste nynorske blogg

nynorsk ordliste

For nesten eitt år sidan blei eg nominert til prisen “Verdas beste nynorske blogg” og intervjua av Framtida.no som du kan lese her. Og så har året gått, og eg har hatt andre ting å tenkje på, men så plutseleg dukka det opp ei twittermelding i går; og det viser seg at bloggen er ein av finalistane til tittelen!

Finalist

Hurra, hurra, hurra!

For dei andre finalistane er verkeleg dyktige nynorske skribentar, og å få vere i same kategori som dei er kjempe stas! Du kan klikke inn her og lese om dei andre finalistane og sjølvsagt STEMME på den du synest fortener prisen. 10 000 kroner i pengepremie er ikkje noko tull -og blir det denne bloggen som vinn er det ikkje tvil om at det er nytt kamera som skal innkjøpast!

…Og så er det kanskje på tide å oppdatere den gode, gamle, gule ordlista frå 1996 til ein nyare versjon?!;)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!