Sjokolademuffins

Muffins er alltid populært hjå kidsa, anten dei har pynt på seg, er lyse eller mørke. Denne gongen blei det mørke sjokolademuffins, med nydeleg kakaosmak. Røra er enkel å lage og passar fint når ein skal få hjelp frå små kjøkkenassistentar. Og hjelp får eg ofte -spesielt når dei ser at det kan vere moglegheiter for å smake og slikke etter endt økt. 

Sjokolademuffins

Dette er ei heilt enkel røre som gir luftige og gode muffins. Du kan servere dei som dei er eller smøre på glassur. Denne som er på langpannekaka er nydeleg god på toppen, eller du kan gjere det endå enklare og smelte sjokolade over vassbad eller strø melis på toppen.

Oppskrifta kan gjerast glutenfri ved å bytte ut kveitemjølet med lyst glutenfritt kakemjøl. Det finnast fleire ulike typar på butikken, og det har funka bra med alle ulike mix vi har testa. Du kan også enkelt lage den mjølkefri ved å bruke margarin utan mjølk og plantemjølk eller vatn i staden for mjølk.

Vil du ha meir inspo til gode kaker? Sjekk ut tavla eg har samla på Pinterest her. Eller var du klar for å bake muffins med ein gong? Samle troppane dine og finn fram ingrediensane! Her får du oppskrifta på enkle og gode sjokolademuffins:

Oppskrift på Sjokolademuffins

12 stk / 6-8 porsjonar / Tid: 30 min

  • 50 g smelta smør
  • 1,5 dl sukker
  • 1 egg
  • 2,5 dl kveitemjøl
  • 1/2 ts salt
  • 2 ts bakepulver
  • 2 ts vaniljesukker
  • 2 ss kakao
  • 1 dl mjølk
  1. Smelt smøret.

  2. Visp saman egg og sukker til luftig eggedosis.

  3. Bland saman smelta smør og mjølk og rør så dette inn i eggedosisen.

  4. Bland alt det tørre for seg og sikt det i røra, litt etter litt.
    Bland godt.

  5. Finn fram 12 muffinsformer og fordel røra i formene.
    Steik på 200 grader i ca 15 min. Følg med på slutten så dei ikkje blir brende.

  6. Avkjøl på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.