Glutenfri blåbærscones
Lange, gode helgefrukostar går fint å ha sjølv om ein vel å ikkje ete gluten. Her får du oppskrift på nydelege scones, som og er kjekke å ha klare i frysaren når du plutseleg treng dei. Desse smakar like godt anten du et Paleo/glutenfritt eller ikkje:)
Glutenfri blåbærscones
Til 6 stk treng du:
- 4 dl mandelmjøl (eg lagar mitt eige ved å kverne mandlar i foodprosessor)
- 3 ss kokosmjøl
- 100 g blåbær
- 0,5 dl honning
- 1 stort eller 2 små egg
- 0,5 dl mandelmjølk (eller anna mjølk)
- 3 ss kokosolje
- ½ ts natron
- ei klype salt
Slik gjer du:
- Set omnen på 180 grader.
- Bruk ei kjøkkenmaskin og elt saman alle ingrediensane, unnateke blåbæra, til du har ei fast deig.
- Vend blåbæra forsiktig inn.
- Form 6 scones og sett dei på eit bakepapirkledd steikebrett.
- Steik i 15-20 min, til dei er gyldne.
- Avkjøl på rist.
Dersom du vil fryse dei og ha til seinare bruk, set du dei i frysaren på bakepapir før dei er steikte. Etter at dei er frosne kan du legge dei i ein pose eller ei lufttett boks.
Oppskrift er noko moderert men er opprinneleg henta her i frå.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.