![](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/09/8sept2-e1461331671748-1000x620.jpg)
Granola
![granola](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/09/8sept2-1024x680.jpg)
Denne granolaen (eller müslien om du vil) var ei av dei tidlegaste oppskriftene eg publiserte på instagram i fjor haust. Den hadde fast plass på benken gjennom heile hausten og vinteren, og no er det på tide å få i gong dei gode rutinene igjen, og å få lagt ut oppskrifta her på bloggen. Granola med yoghurt eller syrna mjølk, litt honning og friske bær eller fruktbitar er ein fin-fin start på dagen, og perfekt når det må gå raskt før arbeid, skule og barnehage.
Granola
Til eit-to steikebrett treng du:
- 250 g havregryn
- 50 g linfrø
- 50 g sesamfrø
- 50 g solsikkekjerner
- 50 g graskarkjerner
- 50 g hakka valnøtter
- 50 g hakka mandlar
- 75 g hakka tørka aprikos
- ca 1 dl eplejuice
- 2 ss kokosolje (eller rapsolje)
- 2 klyper salt
![musli](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/09/8sept1-1024x680.jpg)
Slik gjer du:
- Set omnen på 130 grader varmluft.
- Rør alt saman og spre det ut over eit bakepapir.
- Steik i ca 1 time, til blandinga er sprø. Rør nokre gongar undervegs.
- Avkjøl og oppbevar på glas.
- Server med cultura/gresk yoghurt, litt akasiehonning og frisk frukt.
Tips: lag gjerne dobbel porsjon, og fordel det utover tre steikebrett. Du treng litt lenger steiketid, men rører du innimellom ser du raskt når blandinga har blitt sprø.
![müsli](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/09/8sept3-1024x680.jpg)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.