FINALIST til Årest beste matblogg

Matblogger logo_jeg er nominert som-kopi

Hurra, hurra, hurra! Eg er ein av finalistane til å bli Norges beste matblogg 2014! I fin-fint selskap med Hobbykokken, Mat på bordet, Trines matblogg og En klype salt er det ei stor ære å vere ein av dei fem finalistane av 2000(!) nominerte.

Mathallen i Oslo og godt.no er saman om å arrangere denne prisen for første gong, og prisen skal delast ut 12.oktober 2014.

årets matblogg

Kvardagsmat er finalist med denne grunngjevinga frå juryen:

«Kvardagsmat.no viser gleden ved å lage mat selv og tilbyr varierte retter og innbydende bilder. Bloggen har en raus form med linker til inspirasjonskilder. Bloggen har et tydelig positivt budskap om å inspirere andre i hverdagen.»

Men for å kjempe mot så dyktige konkurrentar treng eg di hjelp! Så har du blitt inspirert til å lage noko på kjøkkenet eller til å prøve noko nytt? Klikk inn og stem her🙂 Du kan stemme heilt fram til 10. oktober!

Mandelbunn

Vil du lese meir om dei andre finalistane kan du gjere det her.

Og igjen; tusen takk for alle gode ord og helsingar! Dette var stas:)

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.