Tomat- og basilikumsalat

 

tomat- og basilikumsalat

Tomat, basilikum og ost er smakar som kler kvarandre godt. I denne retten kan du bruke mozzarellaost, fetaost eller blåmuggost akkurat slik du vil. Eg hadde ei blokk med fetaost i kjøleskapet og dermed blei dette ein god sommarlunsj. Raskt, lett og godt.

Til ein porsjon treng du:

  • 1 neve romanosalat
  • 1 neve ruccola
  • 1 neve hjertesalat
  • 7-8 cherrytomatar
  • 1 ss smuldreost/fetaost
  • 2 stilkar med basilikumblad
  • God olivenolje
  • Salt og peppar

 

sommersalat

Slik gjer du:

  1. Vask og skyll salaten godt. Tørk den gjerne i ei salatslynge, før du riv den i bitar.
  2. Del tomatane i to og smuldre over osten.
  3. Ringle over god olivenolje.
  4. Strø over salt og peppar.
  5. Servèr:)
salat

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!