Sommarkake med bær og blomster

Festkake

Denne kaka fekk eg først høyre om i ei forelesing i fjor haust. Forelesinga var spanande og handla om leiing og ulike roller, men det som gjorde mest inntrykk var skildringa av denne kaka, og då det var høve til å stille spørsmål var vi raske med å sikre oss oppskrifta. Eg har endra litt på mengdene for å få kaka høgare og meir festprega, men smakane og prinsippet er det same. Ein nydeleg kake med sjokoladefyll, mandelbotnar, krem og bær. Kan det bli betre?:) Sjå tips lenger nede for korleis du enklast kan lage denne kaka og korleis du kan kandisere stemorsblomster.

Sommarkake med bær og blomster

Botn:

  • 400 g mandlar
  • 300 g melis
  • 6 eggekvitar

Sjokoladefyll:

  • ½ dl vatn
  • 1 dl melis
  • 125 g usalta smør
  • 3 eggeplommar
  • 100 g mørk kokesjokolade (75 % kakaoinnhald)

Fyll:

  • 6 dl kremfløyte
  • 2 ss sukker
  • 300 g bringebær
  • 400 g jordbær
  • 100 g blåbær
  • Stemorsblomster
Sommerkake

Slik gjer du:

Mandelbotnar:

  1. Set omnen på 175 grader.
  2. Finn fram 2 kakeformer på 24 cm. Dekk med bakepapir og smør kanten med litt smør.
  3. Mal mandlane og bland med melis.
  4. Stivpisk eggekvitene og vend desse forsiktig inn i mandel og melis blandinga.
  5. Fordel røra likt i dei to formene.
  6. Steik kvar form midt i omnen i 12-15 min til ferdig.
  7. Avkjøl på rist, men ikkje ta dei ut av formene.

Sjokoladefyll:

  1. Kok opp vatn og melis og la det småkoke til det tjuknar. Dette tek 10-15 min.
  2. Medan du ventar kan du dele kokesjokoladen i bitar og smelte den over vassbad. Set til side.
  3. Del smøret i terningar og rør det inn i melisen litt etter litt.
  4. Rør inn eggeplommene.
  5. Rør inn den smelta kokesjokoladen.
  6. Fordel sjokoladeblandinga over dei to mandelbotnane. Avkjøl til sjokoladefyllet er stivna, eller legg i frysaren for montering seinare.

Montering:

  1. Visp kremfløyta og sukkeret til mjuk krem.
  2. Legg den eine botnen på eit kakefat og dekk den med halvparten av kremen.
  3. Fordel bær utover og legg botn nr to forsiktig over.
  4. Ha over resten av kremen og bæra.
  5. Pynt med friske eller kandiserte stemorsblomster (sjå forklaring under).
Mandelbunn

Kandiserte stemorsblomster lagar du ved å pensle blomane med eggekvite. Legg ein blome i handa og pensle før du strør sukker over. Legg over på bakepapir for å tørke. Etter at blomane er tørka kan dei halde seg lenge i tett boks.

TIPS: Lag botnane nokre dagar før du skal servere kaka. Dekk kakeformene med folie og legg dei i frysaren. På sjølve dagen tek du botnane ut av frysaren og monterer med vispa krem og bær. Mindre oppvask og stress:)

Den opprinnelege oppskrifta fekk eg av Magnar Hjertenæs, som igjen fekk den frå mor si Nikoline Hjertenæs.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.