“Pin-up”- vaniljeis med sjokoladetrekk

"pin-up"

Heimelaga sjokoladeispinnar eller “Pin-up” er sikker suksess blant små og store. Denne enkle isversjonen går kjapt å røre saman og du kan fylle det berre i ei isboks om du vil. Vi lagar så mange isformer vi har ledig og fyller resten i ei boks. Det er likevel ikkje tvil om at det er litt ekstra stas å ete isen av pinnar!

Til ca 1 liter is treng du:

Vaniljeis:

  • 3 dl kremfløyte
  • 4 eggeplommar
  • 100 g sukker
  • 1 vaniljestang

Sjokoladetrekk:

  • 100 g mørk kokesjokolade (75% kakaoinnhald)
  • 1 barneskei kokosfeitt (ekstra virgin)
  • eventuelt kakestrø eller hakka nøtter
hjemmelaget pin-up

Slik gjer du:

  1. Splitt vaniljestanga og ha frøa i ein bolle saman med kremfløyte. Visp til krem.
  2. Pisk sukker og eggeplommar til luftig eggedosis i ein annan bolle.
  3. Vend eggedosisen inn i kremfløyten til alt er godt blanda.
  4. Ha over i isformer, yoghurtbeger eller ei stor isboks og set i frysaren.
  5. La begera stå i frysaren i 15-30 min før du set i ispinnane, slik at dei står i midten av isforma. Frys vidare, i minst ein halvtime, avhengig av kor store former du har brukt.
  6. Smelt sjokolade og kokosfeitt over vassbad, og dypp vaniljeispinnane i den flytande sjokoladen. Strø kakepynt over.
  7. Servér nydeleg vaniljeis til dei rundt deg:)
heimelaga ispinne

Tips: Det kan vere lurt å dyppe heile vaniljeisen i sjokoladen, slik at sjokoladen hjelp til med å halde isen fast i ispinnen. Isen kan leggast i frysaren igjen etter at du har hatt på sjokoladetrekket, eller du kan servere is utan sjokolade:)

hjemmelaget is

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.