Vaflar

vaflarI mai opnar ei ny sjømannskyrkje, og då trengs det sjølvsagt vaflar! Det spesielle er at kvar at sjømannskyrkjene rundt om i verda har sin eigen vri, og dermed treng Rio de Janeiro si eiga oppskrift.

Her kjem mitt forslag med nydeleg vaniljesmak og eit hint av syrleg sitron. Rør raskt saman røra og gled dei rundt deg med nysteikte vaflar.

Til ca 12 plater treng du:

  • 4 dl kveitemjøl
  • 3 ss sukker
  • 1,5 ts bakepulver
  • ¼ ts salt
  • 1 ts vaniljesukker
  • 6 dl h-mjølk
  • 4 egg
  • 50 g smelta smør
  • 2 ss sitronsaft (ca ½ sitron)
vafler

Slik gjer du:

  1. Bland alt det tørre i ein bolle
  2. Rør inn halvparten av mjølka, slik at det blir ei røre utan klumpar.
  3. Ha i resten av mjølka.
  4. Pisk egga lett saman og ha dei i.
  5. Tilset det smelta smøret og sitronsafta.
  6. La røra kvile i minst eit kvarter.
  7. Steik gylne i varmt vaffeljarn og server med rømme, sylte, smør og brunost.
vaffel

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.