Salat

salat

Her får du inspirasjon til å lage din eigen grøne eller fargerike salat, bruk det du likar best i dei mengdene du vil/har. Litt nytt for kvar gong gjer at du får variasjon i kosten, og er det noko eg har klokketru på så er det nettopp det! Lag gjerne ein stor salat når du først er i gong, og spar til dagen etter:)

Til ein porsjon treng du:

  • 2 nevar valfri salat (eg brukte den som heiter trippelsalat på butikken)
  • ½ squash
  • ½ raud paprika
  • 1/3 agurk
  • ½ avokado
  • 1 ss solsikkekjerner
  • 1 ss graskarkjerner
  • 1 ss valnøtter
  • 1 ss chiafrø
  • 1 ss fetaost
  • 1 ss soltørka tomat i bitar
  • ei god (ekstra virgin) olivenolje til å ringle over
salat vegetar

Slik gjer du:

  1. Vask salaten godt og tørk den i ei salatslynge (då held den seg mykje betre i kjøleskapet, og det er lettare å bruke av den når den ligg vaska og klar). Riv den opp med fingrane og legg den på eit fat.
  2. Del opp squash, paprika, agurk og avokado og legg over.
  3. Strø nøtter, kjerner, frø, tomat og ost over.
  4. Ringle over olivenolje
  5. Server med ei god skive og nyt!
heimelaga salat

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.