Raud smoothie

smoothie

Smoothie er og blir ein fin måte å få i seg nok grønsaker på. Eg prøvar alltid å lage grøne smoothie, men med raudbete i får du ein knall raudfarge i staden! Ein smoothie mellom frukost og lunsj, lunsj og middag eller etter trening er gull! Her får du oppskrift på to store glas, då kan du dekke det eine med plast/lokk og sette det i kjøleskapet. Fix ferdig smoothie til dagen etter, berre bruk ei skei og rør godt før du drikk den.

Du treng:

  • 1 frosen banan (i bitar)
  • 1 raudbete/rødbete (skrelt og delt)
  • 3-4 tjukke agurkskiver
  • 1/4 raud paprika
  • 2 blad grønnkål (utan stammen)
  • 2 nevar spinat
  • 1 ss linfrøolje (kan sløyfast)
  • 1 ss chiafrø (kan sløyfast)
  • 1-2 dl fersk eplejuice
  • 1 glass vatn
  • 1 skvis sitron
smoothie rødbete

Slik gjer du:

  1. Ha alt i ein blendar og kjør nokre minutt.
  2. Juster med meir vatn dersom det er for tørt.
  3. Hell opp i glas, og dekk eventuelt det eine med plast og oppbevar i kjøleskap.
  4. Nyt og kryss av på lista for fem om dagen!
raud smoothie

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!