Sjokoladekuler
Noko godt men likevel sunt? Utan sukker eller anna kunstig søting, berre naturleg sødme frå dadlane og herleg mørk sjokolade. Det beste er likevel at dette er enkelt å lage, du treng berre fire ingrediensar og det er ferdig på få straksar!
Du treng:
- 100 g mørk sjokolade (gjerne >85 % kakaoinnhald)
- 12-13 dadlar utan stein
- 2 dl valnøtter
- 2 ss kokosolje
- (Kakaopulver og ekstra valnøtter til pynt)
Slik gjer du:
- Hakk sjokoladen og smelt den saman med kokosoljen over vassbad. Sett til side for avkjøling.
- Finhakk dadlar og valnøtter, eller bruk ei kjøkkenmaskin.
- Bland dadlane og valnøttene inn i sjokoladeblandinga.
- Form kuler. (Sett røra i kjøleskap nokre minutt dersom dei er vanskelege å forme)
- Trill kulene i hakka valnøtter eller kakaopulver.
Sjokoladekulene oppbevarast i kjøleskap:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.