Gresk dessert

gresk dessert

Ein herleg kvardagsdessert, eller kveldssnack om du vil, som tek mindre enn fem minutt å lage! Oppskrifta blei delt av ein instagramven, og måtte testast ut ved første høve. Absolutt godkjent, og her er anbefalinga vidare! Mandlar med b-vitamin og yoghurt med protein, sunnare dessert skal godt gjerast å røre saman på 2 min. Prøv då vel:)

yoghurt

Du treng per person:

  • 2-3 ss gresk yoghurt
  • ca 1-2 ts akasiehonning
  • 1 ss hakka rista mandlar

Slik gjer du:

  1. Rist mandlande i ei varm, tørr steikepanne til du kjenner at dei gir frå seg ei god lukt.
  2. La mandlane avkjøle medan du legg opp yoghurt og honning i eit glas.
  3. Hakk mandlane og strø over.

Klar til servering:)

gresk yoghurt

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.