Gresk dessert
Ein herleg kvardagsdessert, eller kveldssnack om du vil, som tek mindre enn fem minutt å lage! Oppskrifta blei delt av ein instagramven, og måtte testast ut ved første høve. Absolutt godkjent, og her er anbefalinga vidare! Mandlar med b-vitamin og yoghurt med protein, sunnare dessert skal godt gjerast å røre saman på 2 min. Prøv då vel:)
Du treng per person:
- 2-3 ss gresk yoghurt
- ca 1-2 ts akasiehonning
- 1 ss hakka rista mandlar
Slik gjer du:
- Rist mandlande i ei varm, tørr steikepanne til du kjenner at dei gir frå seg ei god lukt.
- La mandlane avkjøle medan du legg opp yoghurt og honning i eit glas.
- Hakk mandlane og strø over.
Klar til servering:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.