Muslibar
Muslibar
Til desse muslibarane har eg teke utgongspunkt i Berit Nordstrand sin versjon. Henne har eg sansen for! Bra dame med bra fokus:)
Muslibarane blei testa ut på skitur ein herleg vinterdag her på Sunnmøre og blei godkjent av turfølget også. Denne versjonen skal ikkje steikast og er enkel å røre saman!
Til ei lita langpanne treng du:
- 2,5 dl havregryn
- 2,5 dl kokos
- 1,5 dl quinoaflak
- 1 dl sesamfrø
- 1 dl solsikkefrø
- 1 dl graskarkjerner
- 2 dl hakka tørka aprikos
- 50 g smør
- 50 g kokosfett
- 0,5 dl honning
Slik gjer du:
- Dekk ei lita langpanne med bakepapir.
- Ha alt det tørre, unnateke aprikosen, i ei tørr steikepanne og rist det på middels varme i 5-10 min til du kjenner ei mild nøttelukt.
- Avkjøl og tilset hakka aprikos.
- Smelt smør og kokosfett på lav temperatur. Rør inn honning og bland godt.
- Bland alt godt saman og ha over i langpanna.
- Bruk ei skei og trykk massen hardt og jamt saman. Avkjøl.
- Del opp med pizzaskjærer og oppbevar i kjøleskap i boks i opptil ei veke.
Bileta er tekne på Melshornet mellom Ørsta og Volda, med utsikt rett mot Helgehornet og Ytre-Søre Sunnmøre. Kvite fjell og blå fjordar gjer absolutt våren til den vakraste årstida her!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.