Musli

musli

Denne versjonen er laga etter at ei venninne var ute og flaug og kjøpte seg frukost på Gardermoen. Dette måtte vi enkelt kunne lage!

Snyta god og utan sukker er dette ein fin start på dagen. Har du det i eit plastbeger er det null problem å frakte med seg til skule/jobb. Kanskje eit tips til alle kantiner frå nord til sør? Enkelt å lage og freistande å sjå på. Høyres ut som ein suksess spør du meg;)

Du treng:

  • 3-4 bringebær (gjerne frosne)
  • ½ ts flytande honning
  • 3-4 ss gresk yoghurt
  • 2-3 ss musli (eller havregryn/ulike frø/kjerner)
musli

Slik gjer du:

  1. Legg bringebær i botnen.
  2. Ha over honningen.
  3. Avslutt med yoghurt og musli.
  4. Nyt!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!