Enkel grøn smoothie
Grøn smoothie har blitt ein eigen greie, og har du ikkje forsøkt enda er det berre å leite fram blendaren og gjere seg klar. Er du skeptisk kan du lage ein mild versjon første gongane:
Nybegynnar
- ½ frosen banan
- 2 nevar frisk spinat el babyspinat (smakar mildt og blir godt opphakka)
- 2-3 tjukke skiver agurk
- ca 1/2dl eplejuice
- ca 1 glas vatn
Med grønnkål
- ½ frosen banan
- 2 blad grønnkål (utan “stammen”)
- 2-3 tjukke skiver agurk
- 1/3 paprika
- 1ss gresk yoghurt
- ca 1/2dl eplejuice
- ca 1 glas vatn
Med spinat og avokado
- ½ frosen banan
- 2 nevar frisk spinat el babyspinat
- 2-3 tjukke skiver agurk
- ½ avocado
- 2-3 brokkolibukettar
- ca 1/2dl eplejuice
- ca 1 glas vatn
Du kan sjølvsagt ha i akkurat det du vil og finne dine eigne favorittar. Eg må ha ein halv frosen banan i mine, og det har eg stort sett alltid liggande i frysaren. Brune bananar blir delt opp i bitar og lagt små posar. Og vips – litt betre samvit for mat som kunne blitt kasta:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.